Beklagar, men det er direkte feil. Til dømes inngår svovel i aminosyrer som er med på å bygge opp protein i plantene (akkurat som hos menneske), kalsium inngår i oppbygging av celleveggar, magnesium inngår i klorofyllmolekylet, jern er viktig for klorofyllsyntese og fosforylering, og mangan inngår som ein essensiell komponent i kloroplastmembranen. Grundige forsøk gjennom fleire tiår innanfor plantefysiologien har vist at fråvêr av dei essensielle næringsstoffa gjer at plantene ikkje kan gjennomføre livssyklusen sin (derav namnet).
↧